KRAV: – Alle må laste ned appen viss dei skal kome inn på møta, seier Solveig Hosøy som synest appen Meet316 fungerer bra. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Generalens app bergar bibelcamp-sommaren

Då nauda var størst, var hjelpa nærast for Indremisjonsforbundet. Med ein datakyndig generalsekretær kan dei lose folk trygt inn i og ut av møte på bibelcampen i Lyngdal.

For mange byrja planane å smuldra hen for store sommararrangement då koronakrisa slo inn i mars. Avlysingene sto etter kvart i kø. Men Indremisjonsforbundet (ImF) visste råd, og vegen var kort til dei gode løysingane. Som så ofte elles er appar på mobiltelefonen samtidas løysing. Så også i kristen-Noreg.

Kanskje har appen Meet316, som ImF sin eigen generalsekretær, Erik Furnes, har utvikla (sjå eiga sak), berga heile bibelcampen og dermed sjølve sommaren for mange.

Naudsynt

– Kva hadde de gjort utan appen?

– Då hadde vi stått her med penn og papir og lister, eller vi hadde ikkje hatt nokon bibelcamp i det heile fordi det ikkje hadde vore forsvarleg med slik drift. Tiltaka vi har sett inn, er heilt naudsynte, seier leirsjef Solveig Hosøy til Kristelig Pressekontor.

 Med godt over 1000 menneske på campen er det mykje som skal handterast.

– Alle må laste ned appen viss dei skal koma inn på møta. Par og familiar kan gjere det saman, men elles må alle registrere seg i appen kvar for seg før dei kjem, seier Hosøy.

Leirsjefen synest dette er ein framifrå måte for arrangørane å få oversikt på. Då kan ein lett finne ut når hovudsalen er full. Når dei har nådd 200 møtedeltakarar, vert salen stengd. Andre må sitje i sidesalen som også har plass til 200, eller i møteteltet på plena utanfor som tar like mange og som møta vert videooverført til. Dermed har dei i alt plass til 600 personar.

 – Eigentleg er det kanskje plass til 800 i salen, seier Solveig Hosøy og peikar rundt seg. Stolane står med ein meters avstand, og tribuna er avstengd. Der får ingen sitje denne sommaren.

Bibelcampen er ikkje full enno. Først når det store innsiget av sommargjester er komne dei næraste dagane, vil systemet få kjørt seg skikkeleg.

Fornøyd med appen

Med Meet316 vert alle møtedeltakarane og alle som skal ha servering, registrerte. Når dei kjem, vert alle kontrollert ved hjelp av ein QR-kode. Dei som bur på campen, vert prioritert, men normalt kjem det også ein del folk utanfrå som er på dagstur.

 – Tar folk dette med humør?

 – Ja, det er få gretne folk og få som klager, men nokre treng teknisk hjelp med appen. Folk ser ut til å vere veldig nøgde, og dei set pris på at vi tek smittetiltaka seriøst, seier Hosøy.

Ho er leirsjef dei to første vekene i sommar og den første som får røynsle med å handtere koronasituasjonen og appen. Ho tykkjer erfaringane har vore positive så langt. 

Barnesjukdommar

STARTVANSKER: – Det har vært litt problemer med appen, melder Nina Sand Jåsund (til høyre) som holder til på Lyngdal Bibelcamp sammen med naboen Åshild Yuen. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Åshild Yuen og Nina Sand Jåsund er naboar både heime i Sandnes og på Lyngdal Bibelcamp. I det nokså grå sommarveret held dei vaksne damene seg innandørs i stålteltet med kaffi og vaflar på bordet. Om kveldane vil dei gjerne på møte, og i Guds rike er det plass til alle, men ikkje i møtehallen på KVS Lyngdal.

– Det går helt greit når ein får henta ned appen, seier Åshild Yuen som først sleit med nedlastinga, men fekk hjelp av dotter si.

  Nina Sand Jåsund har litt blanda røynsler og melder om nokre barnesjukdomar.

 – Det har vore litt problem. Eg har lagt inn ein reservasjon, men når vi har kome opp i hallen, har han forsvunne. Det har ordna seg, men det har vore litt frustrasjoin, og eg trur ikkje dette er like lett for folk i alle aldrar, seier ho.

Den 30. sommeren

Solveig Hosøy er leirsjef under Lyngdal Bibelcamp for andre sommaren på rad. Ho har 18 års samanhengande teneste som leirmedarbeidar. Ho har før vore ungdomskonsulent i ImF Ung  og tilsett i Nordhordland Indremisjon. For tida er ho reint formelt ute av ImF-systemet fordi ho har teke arbeid som lærar på Pinserøyrsla sin folkehøgskule ved Mosjøen.

Men når sommaren kjem, er ho ikke tungbedt, men tek eit par veker som leirsjef.

– Eg elskar Lyngdal Bibelcamp. Foreldra mine tok oss med hit heilt sidan eg var liten. Ingenting kunne få oss vekk herifrå, seier Hosøy.

I ein alder av 32 kan ho reknast som bibelcamp-veteran, og tilhøvet til campen er intenst.

– Vi er fire søsken. I barndomen fekk vi tilbod om å dra til Dyreparken i Kristiansand, men det ville vi ikkje, for då måtte vi vere vekke herifrå i ein dag, fortel ho.

Hosøy trur mange var spente på om det vart bibelcamp i år.

– Det hadde vore utroleg kjipt om det ikkje hadde blitt noko av. Det er mange som treng dette, seier ho og minner om at det for mange er månadsvis sidan dei har vore på ei større samling. Derfor er det ekstra verdifullt at bibelcampen kunne haldast.

Surt ville det også vore for hennar eigen del.

– Ja, då ville jo gullrekka mi med 30 år på rad på bibelcampen blitt øydelagd, seier ho med eit smil.

– Viktig

Ho seier at bibelcampen er mellom dei aller viktigaste møtestadene organisasjonen har, og ho er viss på at den har mykje å seia for langt fleire enn henne sjølv.

– Å kome saman som misjonsfolk er viktig. Her vert ein introdusert for det arbeidet ImF gjer gjennom heile året. Det har mykje å seie. Bibelcampen når ut til utruleg mange ulike menneske, ikkje berre folk frå indremisjonssamanhengar, men frå andre miljø. Det er dessutan mange unge som tek sine første steg som leiar her og får god trening. Her ber dei for første gong høgt og er med på leiarsamlingar. Dei får tillit, og det er stort. Dette er den vegen eg har gått sjølv også, seier Solveig Hosøy. KPK

I en episode av podcasten Lydbåndet kan du høre Erik Furnes fortelle historien om appen.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.